Øystre Slidre Spel og Dansarlag

Lag for tradisjonsmusikk og dans i Øystre Slidre


Øystre Slidre spel- og dansarlag er eit av dei største og eldste spel- og dansarlaga i landet, med over 130 medlemer. Laget vart stifta av lokale spelemenn som ville ta vare på og vidareføre folkemusikk- og dansetradisjonane i Valdres. I dag er laget ein aktiv kulturberar med eit sterkt miljø og høgt fagleg nivå.

Medlemene i laget inkluderer nokre av landets fremste utøvarar innan hardingfele, langeleik, kveding, torader, springar, halling og pardans. Laget har markert seg med kappleikssigrar, plateutgjevingar og ei rekkje arrangement gjennom året.

Aktiviteten er konsentrert rundt Spelemannsstogo på Herangtunet, der det blir arrangert kurs, konsertar, øvingar og sosiale samkomer. Laget har eit sterkt fokus på rekruttering og opplæring av unge utøvarar, og bidreg aktivt til å føre vidare den lokale folkemusikkarven.

I 2023 vart laget tildelt Kulturprisen i Øystre Slidre kommune for sitt langvarige og verdifulle arbeid med å styrke og synleggjere lokal kultur og tradisjon. Same året fekk vart også laget kåra til årets lokallag av FolkOrg. Dette skjedde i forbindelse med lagets 80-årsjubileum den 7. oktober, og prisen ble gitt som en anerkjennelse for det omfattende og verdifulle arbeidet laget har gjort for folkemusikk og -dans i Valdres og nasjonalt. 

Kalender

Dato Kl. Tittel Sted
03.12.2025 18:00 Songsamling ved Marit Karlberg Spelemannstogo på Herangtunet
05.12.2025 19:00 Fredagsdans med rakfisk og konsert Grønolsbygningen og Spelemannstogo på Herangtunet

Fritidsaktiviteter

Dans
Musikk
Møteplass
Festival
Kulturvern
Sang

Kontaktinformasjon

90722690 / 90722690

rolandstian@hotmail.com

www.facebook.com/login/?next=https%3A%2F%2Fwww.facebook.com%2Fgroups%2F120387884662844%2F%3Ffref%3Dts

Stian Roland

Besøksadresse
Nerreføssvegen 44

Postadresse
2943 Rogne

Andre opplysninger

Org.nummer
976479335

Stiftet dato
06.05.1943

Ant. medlemmer
131

Kategori
Kultur, handverk og sosialt

Område
Alle

Målgrupper
Barn
Ungdom
Unge vaksne
Vaksne
Senior
Alle

Sist oppdatert
30.10.2025

Rediger med kode
2025 © Foreningsportal