Ski- og snowboard for barn

-eit nytt tilbod til alle som likar å køyre på ski eller snowboard.

8. januar startar Allidrettsgruppa i ØSIL eit heilt nytt tilbod for alle som likar å køyre på ski eller snowboard, eller som har lyst til å prøve. Her er det leik og moro som er i fokus, og Beitostølen skiskule er med på laget. 


Treningane blir i alpintbakken på Beitostølen, torsdagar frå kl.18.00 – 19.00. 


Det er inngått eit samarbeid med Beitostølen Resort om tilbod på heiskort, der barn under 7 år går gratis, medan barn frå 7-12 år kan kjøpe årskort til kr 1500 (kan brukast kvar dag heile vinteren). 


For å få tilbodsprisen må du delta på minst 8 treningar i løpet av sesongen og vere medlem i ØSIL/RIL. 


Tilbodet har bindande påmelding. Send e-post med fullt namn og alder til kristinmelbye@icloud.com. Frist 1. desember. 


Heiskort kan hentast ut i Skipassbua f.o.m. 02.12.25. 


For nybyrjarar må ein føresett/forelder vere med. 

2025 © Foreningsportal