Nettverket E-Sportsenter

Sosial gaming & E-sport

Nettverket E-sportsenter (NE-S) er ein frivillig organisasjon og eit senter for sosial gaming og e-sport, stifta i 2022, med føremål om å vere ein inkluderande arena for ALLE med interesse for data- og tv-spel i Valdres. Hos oss skal ALLE kunne oppleve meistring og tilhøyrigheit ved å vere del av eit miljø der menneske møtast på tvers av andre interesser, ferdigheiter eller føresetnader for å spele saman. 

NE-S skal tilby regelmessige og forutsigbare treffpunkt der ein kan henge og game saman for å vere sosiale og ha det kjekt, men me skal også legge til rette for at gaminginteresserte i Valdres skal kunne trene og konkurrere innan e-sport individuelt, eller som lag gjennom å representere NE-S.

NE-S har eit topp utstyrt gamingsenter i Vindevegen 6 ved Heggenes, der me tilbyr nytt og oppdatert utstyr med topp speloppleving i gode lokale. Det er også mogleg å slenge seg godt ned i ein sofa og spele dei tradisjonelle og historiske spela som rula verda på 80- og 90-talet. NE-S har som mål at senteret skal vere fullt utstyrt og på den måten gje alle like moglegheiter til å game, uavhengig av økonomi eller andre barrierar. Me vil også jobbe vidare for å skape eit senter som er best mogleg tilrettelagt, slik at alle kan ta del i dette eventyret og kjenne seg likeverdige.

NE-S skal vere ope for alle, der tilboda vert forma etter etterspørsel og engasjement, tilrettelagt for kvar enkelte brukargruppe.


Kalender

Dato Kl. Tittel Sted
19.03.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
21.03.2026 09:00 LAN i Huken Gapahuken, Tingvang
26.03.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
02.04.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
09.04.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
16.04.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
23.04.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
30.04.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
07.05.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
14.05.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
21.05.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
28.05.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
04.06.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
11.06.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6
18.06.2026 15:00 Sosial gaming på Nettverket E-sportsenter Vindevegen 6

Fritidsaktiviteter

E-sport

Kontaktinformasjon

412 22 840 / 

nettverketesport@gmail.com

www.ne-s.no

www.facebook.com/nettverketesport

Øystein Skattebu

Besøksadresse
Vindevegen 6, 2940 Heggenes

Postadresse
2940 Heggenes

Andre opplysninger

Org.nummer
930016861

Stiftet dato
18.09.2022

Kategori
Sport og trening

Område
Heggenes

Målgrupper
Barn
Ungdom
Unge vaksne
Vaksne
Alle

Stikkord
NE-S, Gaming, Ungdom

Sist oppdatert
07.03.2026

Rediger med kode
2026 © Foreningsportal