
Rogne Idrettslag
- allidrettslag i Øystre Slidre
Rogne IL vart stifta i 1959. Laget si målsetting er å skape idrettsglede og aktivitet for alle aldersnivå. Laget har grupper innanfor fotball, handball, ski, m.m., og driv idrett organisert i Norges idrettsforbund.
For innmelding i idrettslaget: https://medlemskap.nif.no/22463
Allidrett
Vi har allidrett for born 2-6 år kvar måndag frå kl. 17-18 i gymsalen på Rogne skule. Allidrettgruppa har eiga facebookside.
Handball
Handballgruppa i Rogne IL har eiga facebookside. Ønsker du mer informasjon Spør om å bli medlem på sida, eller kontakt styret i idrettslaget.
Ski/langrenn
Rogne IL har for tida inga lysløype. Vi jobbar med å lage ny, men det vil ta noko tid.
Vi arrangerer skitrening og klubbrenn for born frå 3-8 år kvar torsdag frå klokka 17:30 på Rogne Idrettsarena.
Rogne IL sine medlemmar har også høve til å vera med på Øystre Slidre idrettslag og Valdres ski sine skitreningar. Sjå heimesidene til Øystre Slidre idrettslag og Skrautvål IL for meir info.
Friidrett
Rogne IL har eiga friidrettsgruppe som er medlem av Norges friidrettsforbund. For tida er det ikkje noko eige styre i friidrettsgruppa, gruppa vert difor drifta frå hovudstyret.
Vi har løpebane med tartandekke og startblokker på Rogne idrettsarena, lengde 60 m og 100 m . På idrettsarenaen er det også lengdegrop og mogelegheiter for å trene høgdehopp.
Friidrettsgruppa arrangerer kvart år terrengløpet Skiferrunda. Løpet vert arrangert kvar fredag frå slutten av mai ut juni , samt frå skulestart og ut september. Start og mål ved Trudvang skyttarbane, løypelengder 2,3 og 7 km. Deltaginga er gratis. Du kan springe med eller utan tidtaking,og det er saft og frukt etter løpet.
Fotball
Øystre Slidre/Rogne har felles fotballgruppe. Styret i fotballgruppa skal, sammen med spelarar, trenarar, lagledere og foreldre skapa eit sosialt og trygt miljø der fotball er i fokus. Fotballgruppa følger Norges Fotballforbund sine retningslinjer for fotballaktivitet. Klubben er open for alle som har lyst til å spele fotball. Det blir lagt vekt på å ha eit godt sosialt miljø i trygge omgivelsar. Gode trenarar og lagledarar skal skape sunne vanar og gi gode haldningar, samt involvere og engasjere foreldra.
Styrkerom
Rogne IL har eit godt utstyr styrkerom på Solhaug. Alle medlemmar kan få nøkkelkort og trene her.
Prosedyre for å få nøkkelkort:
1. Meld deg inn i Rogne IL.
Pris for medlemskap er kr. 100,- pr. person uavhengig av alder.
Meld deg inn via denne lenken
2. Ta deretter kontakt med Marius Myrvold tlf:957 66 890 for å få nøkkelkort. Nøkkelkortet kostar kr 100,-
Lykke til og god trening!
Kalender
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
20.06.2025 | 18:00 | Skiferrunda 2025 | Trudvang skytebane |
22.08.2025 | 18:00 | Skiferrunda 2025 | Trudvang skytebane |
29.08.2025 | 18:00 | Skiferrunda 2025 | Trudvang skytebane |
05.09.2025 | 18:00 | Skiferrunda 2025 | Trudvang skytebane |
12.09.2025 | 18:00 | Skiferrunda 2025 | Trudvang skytebane |