Tro og livssyn
Rogne kyrkje - Rogne sokn
ROGNE KYRKJE
Rogne kyrkje sto ferdig og vart innvigd 2.oktober 1857. Den er teikna av arkitekt C.H. Grosch og er einaste kyrkje i Valdres med eit åtte-kanta skip med eit fire-kanta kor og sakristi og klokketårn midt på taket. Altertavla kjem frå Rogne gamle kyrkje og er måla av Ole Hermundsen Berge i 1780.
I skipet heng ein kopi av Tidemanns «Opstandelsen», måla av Bruun i 1916. På kyrkjedøra heng ei dørring frå rundt 1150-talet. I våpen huset heng ei anna gamal kyrkjedør. I 1912 fekk kyrkja eit orgel, bygd av Olsen & Jørgensens orgelfabrikk.
ROGNE SOKNERÅD 2023-2027
| Leiar/ansvarleg Rogne kyrkjestogo | Wenche Melbybråten |
| Nestleiar/ansvarleg Rogne kyrkjestogo | Ole Kristian Bergene |
| Kasserar/sekretær | Elin Hovi |
| Randi Helene Skrebergene | |
| Judith Anita Kloppbakken | |
| Magny Smedrud Karlberg |
ROGNE KYRKJESTOGO.
For å leige - ta kontakt med Wenche Melbybråten tlf. 908 98 324 eller Ole Kristian Bergene tlf. 962 23 102
Kalender
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 08.12.2025 | 18:30 | Konsert Jul med Valdresmål og Meining 2025 | Rogne kyrkje |
| 08.12.2025 | 19:00 | Salmekveld - avlyst pga konsert i Rogne kyrkje | Rogne kyrkjestogo |
| 09.12.2025 | 11:00 | Babysong | Rogne kyrkjestogo |
| 17.12.2025 | 19:00 | Julekonsert med rØyst | Rogne kyrkje |
| 19.12.2025 | 10:00 | Skulegudsteneste | Rogne kyrkje |
| 24.12.2025 | 14:30 | Julaftangudsteneste | Rogne kyrkje |
