Kulturavdelinga - Øystre Slidre kommune

Kulturavdelinga i Øystre Slidre kommune arbeider for å skape levande lokalsamfunn og gode møteplassar der folk kan engasjere seg og kjenne tilhøyrsle.

Vi legg til rette for eit inkluderande og mangfaldig kultur- og fritidstilbod for både innbyggjarar og besøkande. Gjennom tett samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og ved å forvalte og formidle kulturarv og kulturmiljø, skal kultureininga skape kunnskap, opplevingar og sterke fellesskap i heile kommunen.

Tenesteområdet kultur har ansvar for drifta av Øystre Slidre folkebibliotek, frivilligsentralen, ungdomsklubben og kulturskulen. Alle desse har eigne infosider på foreningsportalen. Vi har og ansvar for ulike folkehelsetiltak som organisering av Fjellstafetten og tilrettelegging og merking av turstigar. 

Kvart år deler vi ut kulturtilskot til lag og foreiningar i kommunen, og vi har ansvar for spelemiddelordninga lokalt. Kvart år deler vi ut kommunen sine prisar, der vi heidar lokale eldsjeler og bidragsytarar innan kultur, friviligheita, næring m. fleire. 

Vi er opptekne av brei samhandling og ynskjer å spele på lag med både private aktørar og det frivillige organisasjonslivet for å skape eit best mogleg lokalsamfunn for alle i Øystre Slidre.
Ta gjerne kontakt med oss – vi set pris på alle innspel og initiativ som kan styrke kulturlivet i kommunen vår.

Fritidsaktiviteter

Musikk

Kontaktinformasjon

412 22 840 / 61352500

oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no

www.oystre-slidre.kommune.no/tjenester/kultur-idrett-og-fritid/

www.facebook.com/oystreslidre

Øystein Skattebu - Tenesteleiar for kultur

Besøksadresse
Bygdinvegen 1989

Postadresse
Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes

Andre opplysninger

Org.nummer
961382068

Kategori
Kultur, handverk og sosialt

Område
Heggenes

Målgrupper
Alle

Stikkord
Kulturavdelinga

Sist oppdatert
24.08.2026

Rediger med kode
2026 © Foreningsportal