
Aktiv Senior - Eigentrening
Trening på treningsrom med fokus på balanse og styrke for seniorer. Kontaktperson Maren Rakstad Gunderhuset tlf: 469 41 295Om tilbodet: Helsefremjande og fallforebyggjande trening med fokus på å oppretthalde og betre balanse, styrke og koordinasjon. Treninga inneheld felles oppvarming og litt balanseøvingar før vi går vidare til individuelle øvingar ut i frå eiget ynskje, behov og dagsform med moglegheit for rettleiing av frisklivsrettleiar/fysioterapeut. Deltakarar kan fritt ta i bruk treningsrommets utstyr som vekter, apparat, tredemølle, balanseputer og matter og få rettleiing på det dei ynskjer.
Kven passer det for: Heimebuande seniorar eller andre personar som ynskjer få betre/oppretthalde balanse og styrke for å fungere godt i kvardagen og forebygge fall.
Kvar og Når:
Treningsrommet på Heggenes (Vegg i vegg med Øystre Slidre Fysioterapi)
Bygdinvegen 2134, 2940 Heggenes Onsdagar kl. 10:00 – 11: 00
Pris: Gratis
Du treng ikkje treningskort for å delta, men det er lurt med ledige klede, gode sko og drikkeflaske.
Påmelding/ Spørsmål: Vi har fortløpande opptak og du treng ikkje frisklivsresept, og påmelding skjer via SMS eller e-post til Maren/Frisklivskoordinator på: 469 41 295 / maren.rakstad.gunderhuset@oystre-slidre.kommune.no.