17. mai i Øystre Slidre
Velkomen til 17. mai-feiring! I år blir det tale ved Marit Knutsdatter Strand, som nyleg har flytta heim til Beito etter fire år på Stortinget. Gruppa Kælvemellin skal underhalde i amfiet, og det blir felles nummer med korps og skulekor frå begge barneskulane. Nytt i år er det at ordføraren får ungdommeleg hjelp til programleiarjobben!Elles er programmet gjenkjenneleg for dei som har feira 17. mai på Tingvang og Heggenes dei siste åra. Foreldra på sjette trinn ved begge barneskulane står for arrangementet, i samarbeid med kommunen. Programmet ser slik ut:
Tingvang/Heggenes
10.00 Utandørs gudsteneste ved hovudinngangen til Øystre Slidre helsetun v/prest Ola Viker Lunde
10.45 Oppstilling til toget på nedsida av Øystre Slidre helsetun
11.00 Barnetoget går frå helsetunet til Tingvang
Musikk ved Øystre Slidre musikkorps, klassekorpsa og Øystre Slidre skulekorps
12.00 Program i amfiet – del 1:
Veterankøyretøy v/Sælshagane gråtassforening parkerer
Musikk ved Øystre Slidre musikkorps, klassekorpsa og Øystre Slidre skulekorps
Felles kor ved Lidar og Rogne skule
Fellesnummer med skulekoret og alle korpsa
Nedlegging av krans – korpset marsjerer saman med ordførar og elevrådsleiarar til bautaen
12.15 Leikar og kiosksal (Vipps og kontantar)
13.30 Program i amfiet – del 2:
Musikk ved kulturskulegruppa Kælvemellin
Tale ved Marit Knutsdotter Strand
Trekning av premiar etter leikane
Slutt ca. kl. 14.00
Beitostølen Helsesportsenter
08.00 Salutt og flaggheising
10.00 Tog med Åsblæst’n, tale og servering
Solhaug samfunnshus
19.30 «Hell i uhell» - teater v/ Melleheim Ungdomslag
Tinging av billettar på tlf. 91123224/90182548 (etter kl. 16.00)
Det blir også grendearrangement på Beito grendehus.
Inntektene frå kiosksalet går til FAU ved begge skulane, og kjem derfor ungane i Øystre Slidre til gode.