Lørdag
29
August
kl. 11:00 - 14:00
Tingvang
Arr: Kultureininga - Øystre Slidre kommune
Bygdedag på Tingvang
Kom som du er og opplev litt av alt det gode som blir skapt i bygda. Finn ein ny aktivitet, møt kjende – eller bli kjent med nye. Ta ein kaffikopp og ver ein del av fellesskapet.Øystre Slidre kommune og lokale lag og foreningar inviterer til bygdedag på Tingvang. Vi ynskjer å synleggjere alt det gode som skjer av aktivitet i bygda, tilbod det er mogleg å vere med på, og å knyte kontakt mellom dei som ynskjer å delta, vere frivillige eller samarbeide med andre om gode og inkluderande aktivitetar.
Program:
- Stand og aktivitetar ved lag og organisasjonar
- Ope hus på biblioteket og kulturskulen
- Musikk og underhaldning i amfiet
- Sal av mat, kaffi og kaker
- Utdeling av kommunale prisar for 2026
- Opplev det nye uteområdet ved ØSUS
Detaljert tidsplan og info om aktørar kjem seinare. Hald av dagen!