-
Friluftslivets år i Øystre Slidre
Øystre Slidre har eit rikt program i Friluftslivets år 2025. Her er oversikt over kva som er planlagt i juni- oktober.
Lokal fritidskasse
Tilbyr ditt lag aktivitetar for barn og unge? Set dykk inn i ordninga "lokal fritidskasse" som skal bidra til å inkludere barn og unge i faste organiserte aktivitetar.Ordninga lokal fritidskasse kan bidra til å dekke kostnadar til faste organiserte fritidsaktivitetar for born og unge i skulealder (6-16 år) med bustadadresse i Øystre Slidre, som står i fare for utanforskap på ulike fritidsarenaer på grunn av økonomi. Ordninga er organisert i samarbeid mellom Øystre Slidre kommune og lag og organisasjonar som tilbyr aktivitet for born og unge. Ordninga er basert på tilskot til inkludering av born og unge i fritidsaktivitetar frå Bufdir.
Lokal fritidskasse kan dekke
- deltakaravgift / medlemskontingent / treningsavgift i organiserte fritidsaktivitetar
- deltakaravgift til cup / leir
- reiseutgifter til eller frå organiserte fritidsaktivitetar / cupar / leir
- kostnadar til utstyr og evt. andre utgifter som er påkravde for å kunne ta del i faste organiserte aktivitetar
Det er vilkår om at utgiftene skal vere knytt til bruk i faste organiserte fritidsaktivitetar i regi av lag og foreiningar.
Ordninga dekkjer ikkje innkjøp av kostbart utstyr tiltenkt bruk i privat regi. Her oppmodar kommunen laga om å bruke eigne utlånsordningar for utstyr, eller å nytte seg av Utstyrssentralen i kommunen.
Kven kan søkje?
Lag og foreiningar som er registrerte i Øystre Slidre kommune og som har ei formell rolle ovanfor målgruppa, kan søkje om midlar frå lokal fritidskasse. Det er laget eller foreininga som søkjer om midlar for å dekkje sine utgifter, ikkje brukaren.
Les meir om ordninga og søk lokal fritidskasse på kommunen sine heimesider.
Del på:
-
Informasjon om momskompensasjon
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon. Søknadsfristen er 1. september 2025.
-
Vil du spele fotball i sumar?
2025-sesongen er i godt i gang for Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe. Laga trenar og spelar kampar på ulike tidspunkt. Ta kontakt dersom du/de ynskjer å vera med!
-
Gaming-camp i sumarferien
Start sumarferien med ei veke full av gaming og andre sosiale aktivitetar. Meld deg på innan 1. juni.