Søknadsfrist for kulturskuleåret 2025/26

Søk plass for neste skuleår innan 10. april.

Kulturskulen er eit fritidstilbod og eit opplæringstilbod der barn og unge kan ta del i ulike kulturaktivitetar, som å lære å spele eit instrument, å synge, teikne, måle, spele teater  eller danse. 

Som elev i kulturskulen møter du ein gong i veka (eller kanskje to), litt som når ein går på fotball, ski, gaming, riding eller andre aktivitetar. Når du kjem til kulturskulen, er vår oppgåve å legge til rette for at du får det tilbodet du ynsker deg og treng, for at du skal lære og utvikle deg med utgangspunkt i dine ynskjer, føresetnadar og interesser. 

Som elev i kulturskulen går du på eit tilbod som du ynskjer å vere med på, åleine eller saman med andre, der du får god og kyndig rettleiing av profesjonelle kunstnarar og pedagogar. Desse er lærarar som er interesserte i det same som deg, som har utdanning og brei erfaring, og som kan hjelpe deg til å oppleve meistring, bygge sjølvtillit, og kanskje hjelpe deg til å finne deg sjølv. 

Du kan no søkje om plass for skuleåret 2025/26. Du finn søknadsskjema og meir info om våre tilbod på oystre-slidre.kommune.no

Søknadsfrist er 10. april. 

For meir info, kontakt Øystein Skattebu på 41222840 eller oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no 

2025 © Foreningsportal