-
Ledige plassar i kulturskulen - skuleåret 2025/26
Øystre Slidre kulturskule tilbyr aktivitetar og individuell tilpassa opplæring i ulike musikkfag, kunst og hallingdans, -og vi har ledige plassar neste skuleår!
Invitasjon til dialogmøte med lag og foreningar. Tema: UNGDOM
Torsdag 22. mai kl. 18.30 i Ungdomens kulturhus GapahukenAktuelle lag og foreningar har fått invitasjon på e-post.
TEMA: UNGDOM
Korleis kan vi skape gode miljø for ungdom?
Korleis møter vi barn og ungdom, og korleis inkluderer vi dei i aktivitetane våre?
Desse gjestene vil dele sine erfaringar:
- representantar frå Garasjin i Aurdal og Makerspace på NAUS
- ungdomsrådet og staben frå Huken ungdomsklubb
- evnt. andre som har erfaring med ungdomstilbod
Vi set oss i grupper og drøftar temaet.
Huken ungdomsklubb byr på kveldsmat!
FORENINGSPORTALEN
Vi deler erfaringar om Foreningsportalen.
YMSE
- Orientering om prosjektet Inklu v/Elisa Sevilla. Målet med prosjektet er å gjera regionen vår så tilgjengeleg som mogleg for alle – uansett funksjonsevne.
- Planlegge neste møte, haust 2025
Har laget ditt innspel til tema som bør drøftast, eller tilbod som de ynskjer å informere om, ta kontakt med kulturkonsulent Nina E. Grønbrekk (e-post nina.gronbrekk@oystre-slidre.kommune.no, tlf. 997 34 196).
Påmelding innan 19. mai til Nina E. Grønbrekk
Helsing
Kulturavdelinga
Del på:
-
Fjellstafetten - bli med på tur!
12 fine turmål som passar for heile familien - bli med du også! Offisiell start er 22.juni, då er det Kickoff-arrangement på toppen av Snaue høgde kl.12-14. Drikke og premiar til alle.
-
Friluftslivets år i Øystre Slidre
Øystre Slidre har eit rikt program i Friluftslivets år 2025. Foto: Anne Marthe Hesjadalen
-
Informasjon om momskompensasjon
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon. Søknadsfristen er 1. september 2025.
-
Vil du spele fotball i sumar?
2025-sesongen er i godt i gang for Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe. Laga trenar og spelar kampar på ulike tidspunkt. Ta kontakt dersom du/de ynskjer å vera med!