Ledige plassar i kulturskulen - skuleåret 2025/26

Øystre Slidre kulturskule tilbyr aktivitetar og individuell tilpassa opplæring i ulike musikkfag, kunst og hallingdans, -og vi har ledige plassar neste skuleår!

Skuleåret startar 18. august, og vi har ledige elevplassar på desse tilboda: 


Kulturførskulen er eit nytt tilbod for elevar i 1.-3. klasse, der dei får leike og utforske musikk og andre kulturuttrykk saman som gruppe. Tilbodet skal gje elevane grunnferdigheiter som er kjekke å ha med seg dersom ein vil gå vidare på andre tilbod seinare, og gjev eit betre grunnlag for å velje kva kulturskuletilbod som passar for dei. Gjennom kulturførskulen blir dei introdusert for ulike instrument, songar og dans, og kanskje litt teater og kunst.


Songgruppe er eit tilbod for elevar i 1-4. klasse som er glade i å synge, og som ynskjer å gjere dette saman med andre. Songgruppa øver inn ulike songar saman, der vi i hovudsak syng samstemt, men også kan prøve oss på ulike stemmer og å synge litt solo – om elevane vil. 


For dei som ynskjer å utvikle seg som songarar, har vi ledig kapasitet på individuell songundervisning. 


Hallingdans er eit sosialt og leikent gruppetilbod, der vi legg like mykje opp til leik, turn og akrobatikk som å lære å danse halling. Vi har no to grupper – ei for elevar i småskulen og på mellomtrinnet, og ei for ungdomsskuleelevar og eldre. Vi har ledige plassar på begge gruppene. 


Vi har også ledige plassar på Hardingfele og munnharpe.



Dersom eit eller fleire av desse tilboda er interessante, kan du lese meir om tilboda og søkje plass i vår søknadsportal på https://nooestreslidre.speedadmin.dk/registration#/ . Har du spørsmål om tilboda eller søkinga, kan du kontakte rektor i kulturskulen, Øystein Skattebu, på oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no eller tlf. 41 22 28 40


Kulturskulen kan ta inn elevar heile skuleåret dersom det er plass. Vi ber likevel om at de søkjer på evt. restpassar innan 1. august.  

2025 © Foreningsportal