Tilskot til inkludering av barn og unge

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2026.

Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktiviteter og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen fra 0 til og med 24 år som av ulike orsakar står i fare for å havne i utanforskap.  

De finn informasjon om ordninga på Bufdir sine nettsider.

Kven kan søkje?

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Frist for å søkje

31.oktober 2025.

Slik søkjer du

  1. Set deg inn i forskrifta og informasjonen på ordninga si nettside
  2. Send inn søknad i Budfir sin søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknad skal knytast til ein deltakande kommune (sjå ordninga si nettside for unntakt frå denne regelen). De kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon om desse). 

Etter at du har sendt søknaden

Søknadar som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv, skal rangeres av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadane på besluttande politisk eller administrativt nivå.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa, set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadane. Det vil vere informasjon på Bufdir sine nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktperson i kommunen

Øystein Skattebu, tlf 41 22 28 40, e-post: oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no

2025 © Foreningsportal