-
Skilting av turstigar
Mange frivillige lag ivrar for å tilrettelegge turmål i nærmiljøet. I 2026 har Moane Vel og Midtre Hegge og Dale grendelag fått støtte frå kommunen til sine turprosjekt. Er det fleire foreningar som ynskjer støtte til skilt og infotavler dette året? Har også eit lager av turbøker som kan delast ut til aktuelle turmål. Kontakttlf. 97605755
Treff for demenspårørande - nytt tilbod på Moastogo
Det blir oppstart av faste treff for pårørande til personar med demens tysdag 26.mai.Treffa blir haldne siste tysdag i månaden, med unntak av juli og desember, og varer frå kl. 14.15 til 15.15.
Stad: Moastogo, Øystre Slidre Helsetun.
Ein møteplass
Å vere pårørande kan vere krevjande – uansett kvar i sjukdomsforløpet ein er, og om den som er sjuk bur heime, har avlasting eller institusjonsplass. No blir det etablert eit lågterskeltilbod der pårørande kan møtast i trygge rammer.
Tilbodet er arrangert av ei frittståande styringsgruppe med Elisabeth Robsam Dahl, Toralf Baldersheim og Marit Rakstad. I tillegg er fleire lokale aktørar med som medspelarar, mellom anna Helselaget, Helsetunet, Øystre Slidre Rotary, Frivilligsentralen og gode enkeltpersonar.
Tilbod om “ventegruppe” - ta med den demenssjuke
For dei som ønskjer det, er det mogleg å ta med den som er sjuk. Det blir sett opp ei ventegruppe der dei får omsorg, noko å bite i og underhaldning medan pårørande deltek på treffet.
Påmelding
For å kunne planleggje godt, treng arrangørane å vite kven som kjem. Påmelding til Toralf, tlf 92 82 36 89, helst sundagen før treff.
Ved behov for skyss til treffet eller meir informasjon, ta kontakt med Toralf.
Bli med i fellesskapet.
Del på:
-
Opningstider utstyrssentralen
Frå veke 31 er utstyrslageret i Vindevegen 5 ope kvar tysdag og fredag kl. 9-15.
-
Sommar-program på Liastølen
Hjarteleg velkomne til Liastølen i sentrum av Beitostølen!
-
Bygdedag på Tingvang
-
Fjellstafetten
12 fine turmål for heile familien - bli med du også!