-
Skilting av turstigar
Mange frivillige lag ivrar for å tilrettelegge turmål i nærmiljøet. I 2026 har Moane Vel og Midtre Hegge og Dale grendelag fått støtte frå kommunen til sine turprosjekt. Er det fleire foreningar som ynskjer støtte til skilt og infotavler dette året? Har også eit lager av turbøker som kan delast ut til aktuelle turmål. Kontakttlf. 97605755
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.
Søknadsfristen er 1. september 2026.
Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.
Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.
For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. De kan lese meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.
Del på:
-
Opningstider utstyrssentralen
Frå veke 31 er utstyrslageret i Vindevegen 5 ope kvar tysdag og fredag kl. 9-15.
-
Sommar-program på Liastølen
Hjarteleg velkomne til Liastølen i sentrum av Beitostølen!
-
Bygdedag på Tingvang
-
Fjellstafetten
12 fine turmål for heile familien - bli med du også!