Gaming-camp i sumarferien

Start sumarferien med ei veke full av gaming og andre sosiale aktivitetar. Meld deg på innan 1. juni.

For tredje år på rad, arrangerer Nettverket E-sportsenter og Øystre Slidre kommune GamingCamp for born og unge frå 5-10.klasse (klassen du går i hausten 25). Campen er frå 23.-27 juni. 

Årets camp går over fem dagar, der vi har plass til 20 deltakarar. I tillegg tilbyr vi sumarjobb som aktivitetsleiarar for to ungdomar mellom 14 og 17 år. GC25 er gratis for alle deltakarar i 2025! Dette er gjort mogleg med støtte frå Gjensidigestiftelsen. 

Aktivitetane går frå kl.08.00 – 16.00 kvar dag, måndag til fredag. Me vil skreddarsy ei veke med mykje sosial gaming, men og andre fysiske og sosiale aktivitetar på og rundt Nettverket E-sportsenter. 
GC25 har plass til inntil 20 deltakarar. 

Søknadsfristen er 1. juni (sjå skjema nederst). Alle vil få svar med tilbod om plass eller avslag på søknad innan 10.juni. Dei som får plass må skrive under på ei deltakaravtale, med underskrift frå føresett. 

GC25 vil gå føre seg i og kring Nettverket E-sportsenter ved Heggenes, der me har alt utstyr tilgjengeleg. Du bør ha eigen konto/lisens til spela du skal spele, men vi har også eigne lisensar du kan låne. 
GC25 er gratis å vere med på, inkl. alle aktivitetar. Alle deltakarar også vil få servert felles frukost og lunsj kvar dag, samt årets t-skjorte og drikkeflaske. 

Sumarjobb som aktivitetsleiar? 

Er du mellom 14-17 år og interessert i gaming og e-sport, kan du få sumarjobb som aktivitetsleiar på GC25. Me søkjer to ungdomar som vil vere med oss å arrangere GC25. Me vil publisere meir info om utlysinga og søknadsprosess litt seinare i mai. 

Kontakt: 
Øystein Skattebu - oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no - 41222840



Påmeldingsfrist 1. juni: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=3jr_Lr2Rok-w01jrUyvitW2bZKxK4TJGrJEYE2yAaWlURVNSM0JEUDVUMUlPMUw1NDJXUzhES09VQiQlQCN0PWcu

2025 © Foreningsportal