-
Vil du spele fotball i sumar?
2025-sesongen er i godt i gang for Øystre Slidre/Rogne fotballgruppe. Laga trenar og spelar kampar på ulike tidspunkt. Ta kontakt dersom du/de ynskjer å vera med!
Invitasjon til dialogmøte med lag og foreningar. Tema: UNGDOM
Torsdag 22. mai kl. 18.30 i Ungdomens kulturhus GapahukenAktuelle lag og foreningar har fått invitasjon på e-post.
TEMA: UNGDOM
Korleis kan vi skape gode miljø for ungdom?
Korleis møter vi barn og ungdom, og korleis inkluderer vi dei i aktivitetane våre?
Desse gjestene vil dele sine erfaringar:
- representantar frå Garasjin i Aurdal og Makerspace på NAUS
- ungdomsrådet og staben frå Huken ungdomsklubb
- evnt. andre som har erfaring med ungdomstilbod
Vi set oss i grupper og drøftar temaet.
Huken ungdomsklubb byr på kveldsmat!
FORENINGSPORTALEN
Vi deler erfaringar om Foreningsportalen.
YMSE
- Orientering om prosjektet Inklu v/Elisa Sevilla. Målet med prosjektet er å gjera regionen vår så tilgjengeleg som mogleg for alle – uansett funksjonsevne.
- Planlegge neste møte, haust 2025
Har laget ditt innspel til tema som bør drøftast, eller tilbod som de ynskjer å informere om, ta kontakt med kulturkonsulent Nina E. Grønbrekk (e-post nina.gronbrekk@oystre-slidre.kommune.no, tlf. 997 34 196).
Påmelding innan 19. mai til Nina E. Grønbrekk
Helsing
Kulturavdelinga
Del på:
-
Gaming-camp i sumarferien
Start sumarferien med ei veke full av gaming og andre sosiale aktivitetar. Meld deg på innan 1. juni.
-
17.mai i Øystre Slidre
Årets 17. mai-komité og Øystre Slidre kommune ynskjer velkomen til 17. mai-feiring! Vi har dei siste åra jobba for å vidareutvikle 17. mai-arrangementet på Tingvang som eit triveleg og meir samlande og intimt arrangement, og håpar at vi lykkast med det også i år. Det er foreldra i 6. klasse på Lidar og Rogne skule som er ansvarlege for gjennomføring av arrangementet på Heggenes og Tingvang, i samarbeid med kommunen.
-
Lokal fritidskasse
Tilbyr ditt lag aktivitetar for barn og unge? Set dykk inn i ordninga "lokal fritidskasse" som skal bidra til å inkludere barn og unge i faste organiserte aktivitetar.