-
Skilting av turstigar
Mange frivillige lag ivrar for å tilrettelegge turmål i nærmiljøet. I 2026 har Moane Vel og Midtre Hegge og Dale grendelag fått støtte frå kommunen til sine turprosjekt. Er det fleire foreningar som ynskjer støtte til skilt og infotavler dette året? Har også eit lager av turbøker som kan delast ut til aktuelle turmål. Kontakttlf. 97605755
Fjellstafetten
12 fine turmål for heile familien - bli med du også!Foto: Svein Andre Svensli Rudi
Offisiell start på Fjellstafetten er 21.juni - den dagen er det også Kickoff-arrangement på toppen av Kalvemellen kl.12-14. Drikke og premiar til alle.
Turane kan registrerast både manuelt og elektronisk. Kvart turmål har si eige kode.
Manuell registrering gjer du ved å skrive koda til kvar tur i brosjyra (slik som tidlegare).
NYTT I ÅR: Digital registrering gjer du med appen Stikk UT! Appen er enkel å bruke så vi oppmodar folk til å bruke den.
Her finn du meir info om Stikk UT! appen:
Fjellstafetten 2026 StikkUT flyer
Ofte stilte spørsmål om Stikk UT!
NB: Løkjishøvda er ikkje med i Fjellstafetten i år, den er kun ein test-topp for Stikk UT! før Fjellstafetten startar.
Dei fleste turmåla vil i år vere klare i god tid før offisiell start - følg med på facebooksida til Fjellstafetten der vi informerer om når dei ulike toppane er klare.
Fjellstafettbrosjyre og kartplakater:
Del på:
-
Opningstider utstyrssentralen
Frå veke 31 er utstyrslageret i Vindevegen 5 ope kvar tysdag og fredag kl. 9-15.
-
Sommar-program på Liastølen
Hjarteleg velkomne til Liastølen i sentrum av Beitostølen!
-
Bygdedag på Tingvang
-
Nasjonal kampanje om tilgjengelig friluftsliv.